Den midlertidige pumpeløysinga som har fungert siste månaden er avslutta, og vatnet i springane kjem igjen frå høgdebassenget.

Arbeidet har gått etter planen, og det er eit løft for kommunen å kunne vere sikker på at bassenget er tett og fast, og at ein vil kunne levere trygt drikkevatn til innbyggarane i minst 25 år til.