Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, Aasmund Lauvdal, Knut Olav Forgård, Rune Larsson og Jorunn Tveiten

Forfall: Kjersti Plathe og Åsulv Horverak

 

Status pr. 19.06.20 kl. 09:00

  • Vi har sagt ja til å vere med på eit sentralt lager for smittevernutstyr i Kristiansand
  • Koronasjukehuset i Kristiansand for store delar av Agder. Bygland er med i prosessen, og sak skal opp til handsaming i september
  • Ordførar, kommuneoverlege og kommunedirektør er tilgjengelege på telefon og e-post i heile sommar, om det oppstår ein situasjon
  • 2 personar i karantene (innreise frå utlandet)
  • Motorsykkeltreffet og Gamaveka Extreme har levert godkjende smittevernplanar
  • Alle som har planar om å arrangere eit større arrangement, må ta kontakt med kommunen snarast mogleg på grunn av ferieavvikling i administrasjonen
  • Kommuneoverlegen har gitt beskjed om at han kan kome på uanmeldt tilsyn på ulike arrangement
  • Det blir etter planen ikkje nytt møte i kriseleiinga før etter ferien