Frammøtte:

Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, Aasmund Lauvdal, Åsulv Horverak, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Irene Moe, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

Kommuneoverlegen

Der er ingen smitta i Bygland kommune. Men, ein treng ikkje å reise lenger enn til Kristiansand, så er situasjonen heilt annleis. Det er lite som skal til for at vi står i ein heilt annan situasjon.

Om nokon er i tvil om andre overheld karanteneplikta, må dei ta kontakt med kommuneoverlegen.

Kommunedirektør

Kommunedirektøren har peika ut tre personar som skal hjelpe til med smittesporing: Jorunn Sørlie Tveiten, Kjersti Plathe og Sonja Lien Skjevrak. Kjersti får ansvaret for å organisere opplæring.

Godt samarbeid med Evje og Hornnes på oppvekst.

Helse

Ein treng eit eigna rom til testing. Det blir etterkvart kaldt, så ein kan ikkje teste ute.
Om det blir eit lokalt utbrot, treng ein fleire som kan utføre testar.

Beredskap

Det er viktig å få på plass team til smittesporing. 

Ordførar

Inntil vidare blir kommunestyremøta stengde for publikum. Møta blir streama.

Bygland oppvekstsenter

Kva gjer ein med opninga av svømmehallen? Det er planen at den skal opnast etter haustferien. Kommuneoverlegen og oppvekstsenteret diskuterer dette og går ut med informasjon.