Til stades:

  • Sigbjørn Fossdal, ordførar
  • Aasmund Lauvdal, kommunedirektør,
  • Åsulv Horverak, kommuneoverlege
  • Ann Cecilie Attestog, pedagogisk rådgjevar
  • Kjersti Plathe, tenesteleiar helse
  • Kåre Einar Larsen, tenesteleiar pleie og omsorg
  • Rune Larsson, beredskapsleiar

Status smittesituasjon v/kommuneoverlege:

  • Det er ingen smitta eller nokon i karantene per i dag
  • Det har stort sett gått greitt i sommer fram til mistanke om smitte ved konfirmasjonsleir ved Evjetun
  • Bekymring for auka turisme frå Tyskland/Nederland utover hausten. Ein har fått melding frå Colorline om auka trafikk opp gjennom Setesdal. Det er difor vurdert at risikoen er aukande (oransje nivå)
  • Alle innbyggarar må difor vere påpasselege og følgje dei grunnleggande smittevernereglane
  • Viktig å få ut rett informasjon om kva tiltak som gjeld i kommunen, og vi samordnar informasjonen med Evje og Hornnes kommune
  • Vi har kapasitet til testing av Covid-19 ved legekontora i Bygland. Testing kan bestillast ved å ringe legekontoret
  • For personar som har vore i utlandet - smittetest gjerast 3. og 7. dag etter heimkomst
  • Nye tilsette skal testas før dei tiltrer i jobben

Ped.rådgjevar:

  • Infobrev om skulestart/SFO og barnehage vert sendt ut til foreldre
  • Utfordring knytt til planlegging av oppstart skule med utgangspunkt gult nivå. Oransje nivå fører til at planane må strammes noko inn
  • Det er ei utfordring med at ein praktiserer eit sett med reglar i skuletida og at desse ikkje nødvendigvis gjeld i fritida – vanskelig å forklare born og ungdom dette

Tenesteleiar Helse:

  • Per i dag god testkapasitet ved legekontora, men kan bli ei ressursmessig utfordring ved auka pågang
  • Vurderer å gjenopne Koronatelefonen om presset aukar, må samarbeide med Evje og Hornnes om vidare strategi
  • Bestilling av hurtigtest for helsepersonell og andre sentrale personar i kommunen
    • 18.08.20: Endring av informasjon i høve hurtigtest: Denne testen viser seg å ikkje vere den type test som blei lova. Det blir difor ikkje bestilt hurtigtest.

Tenesteleiar PLO

  • Ein har hatt besøksrestriksjonar ved institusjonane gjennom heile sommaren. Same restriksjonar gjeld for varelevering og servicepersonell
  • Utfordring å handheve retningslinene for smittevern samstundes som ein skal unngå sosial isolasjon for bebuarane. Vi har lagt til rette for alternative aktivitetar
  • Låg terskel for å isolere og teste bebuarar med symptom på luftvegsinfeksjon
  • Låg terskel for å teste tilsette som har symptom på luftvegsinfeksjon
  • Risikoen i dag er relatert til besøkande og tilsette. Her vil vi halde fram med fokus på godt smittevern og handheving av dei retningslinene vi har. Retningslinene blir justert i tråd med situasjonen

Ordførar

  • Viktig med klar og tydeleg informasjon ut til innbyggjarar, må kome ut i klartekst og ikkje bare lenke vidare til FHI sine sider
  • Organisering av politiske møte – bestille talarstol og tilpasse møterom med x-antal stoler jf. 1-metersregelen