I første omgang gjeld prosjektet 4 - 5-åringane i barnehagen og 1. og 2. klasse. Formålet med prosjektet er å gi barna auka leseglede, og stø foreldra si involvering i lesinga til barna. Forsking syner at foreldre si aktive involvering i barna si lesing har sterk og langvarig positiv effekt for utvikling, trivsel og læring for barnet.

Du kan lese meir om READ Agder på heimesida deira: http://www.readagder.no eller på facebook.

"Ikkje vent til barna har eit språk før du begynner å lese for dei. Les for dei slik at dei får eit godt språk" (Lesesenteret UIS)