Til stades: John Salve Sigridnes, Irene Moe, Kjell Øyvind Berg, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Lene Fjerdingstad, Ann Cecilie Andersen, Leif Sigurd Helle, Åsulv Horverak, Katharina Skavoll, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

  • Status frå kommuneoverlegen: Førebels er det roleg i Bygland. Det er likevel viktig å vere førebudd på kva som eventuelt kan kome. Han gjekk gjennom status i Evje og Hornnes kommune. Omikron ser ut til å vere lokalisert i øvre luftvegar, noko som er positivt for å unngå alvorleg sjukdom
  • Status frå Pleie og omsorg: Presenterte scenario ved ulike nivå smitte. 
  • Status Helse: Vaksineringa er godt i gong, i går blei 70 personar vaksinert. Ei ny vaksinering 22.12 og ei 4.1. Det blir massevaksinering 11. januar. Då blir vi ferdige med alle i risikogrupper over 45 år. Fleire avdelingar i kommunen deltek med ulike oppgåver under massevaksineringa. Det er svært viktig at sjølvtestane kun blir delt ut til dei med symptom på covid-19. Årsaka er at det er utfordrande å få tak i testar.
  • Status Byglandsfjord oppvekstsenter: Oppvekstsenteret er på gult nivå. Vi er delt opp i kohortar. Det blir få barn til stades i jula.
  • Status Bygland oppvekstsenter: Oppvekstsenteret er på gult nivå. Har gått gjennom aktivitetane før jul, og tilpassa i høve smittevernreglane. Har førebudd personalet på at det kan bli digital undervisning. Ungdomsskuleelevane tar med seg pc og bøker heim
  • Status Drift og forvaltning: Tilsette vil stille opp ved behov. Drift og forvaltning henter sjølvtestar på Evje i veke 51
  • Status Økonomi og næring: Ingenting spesielt å melde. Vi er på heimekontor
  • Tenesteleiar Helse minner om at smitten fort kan komme, vi må vere i beredskap og arbeide for å vere oppdaterte på dei ulike reglane. Vi har fått eit nytt digitalt system der folk kan registrere positive sjølvtestar. Dette systemet vil bli sjekka dagleg i jula