16. april

Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)

Status pr. 16.04.20 kl. 09:00

  • Det bør leggjast ut informasjon om at stenging av campingplassane er oppheva, og at ein oppmodar om å følgje dei nasjonale retningslinjene for smittevern
  • Hytteforbodet blir oppheva frå og med 20.4.20
  • Smittevernrettleiar blir lagt ut på heimesida
  • Der skal vere samordningsmøte vedk. opning av barnehage og skule i dag
  • 17. mai. Det er for tidleg med ei tradisjonell feiring. Kommunen oppmodar 17. mai-komiteen å ta kontakt med kommuneoverlegen for å få retningsliner for eit alternativt opplegg
  • Det blir to møter i kriseleiinga i neste veke

14. april

Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)

Status pr. 14.04.20 kl. 09:00

  • Dei som blei testa før påske, var smittefrie
  • Ingen nye smitta
  • Planleggingsmøte i høve opning av barnehage og skule (1 – 4)
  • 16. april blir det samordningsmøte med Evje og Hornnes kommune
  • Det kan bli ei utfordring når hytteforbodet blir oppløyst. Spesielt lenger oppe i dalen
  • Det blir nytt møte torsdag 16.4.