Frammøtte: Sigbjørn Å. Fossdal, Aasmund Lauvdal, Åsulv Horverak, Anne Lauvdal (hospitant), Kjersti Plathe, Ann Cecilie A. Attestog, Irene Moe, Hind H. Harira, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

Status pr. 30.10.20, kl. 08:00

Kommunedirektør:

  • Ei kort oppsummering av den avslutta smittesituasjonen
  • Nye nasjonale retningsliner

Kommuneoverlegen:

  • Smitten aukar i Noreg
  • Kommuneoverlegen får mange henvendingar om ulike aktivitetar. Han oppmodar alle å følgje med på http://www.fhi.no. Bygland kommune har ikkje retningsliner utover det
  • Vi skal teste dei som har behov for det
  • Alle arrangement skal ha navnelister med telefonnummer. Desse listene må oppbevarast i 14 dagar
  • Kommuneoverlegen minner om dei 4 grunnprinsippa:
    • Hald avstand
    • Handvask
    • Reduser talet på nærkontakter
    • Er du sjuk, må du halde deg heime

Irene Moe:

  • Det er ulike retningsliner på barneskulen og ungdomsskulen. Dette kan opplevast frustrerande
  • Vi planlegg arrangement i samband med jol. Vi vil følgje retningslinene

Ordførar:

  • Ein må ikkje kome i den situasjonen at ein "leiter etter smutthull" i retningslinene. Det er viktig at alle følgjer retningslinene, slik at ein ikkje får ein situasjon med full nedstenging før jul
  • Alle sosiale tiltak for eldre har forsvunne. Bør vi få opp ein kontakttelefon? Frivilligsentralen har ingen aktivitet med unntak av matombringing

Konklusjon:

Vi innfører ikkje lokale tiltak. Ein viser til dei nasjonale retningslinene, og har fokus på dei fire grunnprinsippa.