Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, Aasmund Lauvdal, Åsulv Horverak, Kåre Einar S. Larsen, Kjersti Plathe, Hilde Helle, Constantin Koch (hospitant), Irene Moe, Leif Sigurd Helle (Bygland IL), Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

Status pr. 28.08.20 kl. 8:00

Bruk av Byglandshallen
Møtet starta med diskusjon om bruk av Byglandshallen, og kva kommuneoverlegen krev i høve smittevern og reinhald.

Bygland IL har fått godkjent smittevernplanar av kommuneoverlegen. Aktivitetar har difor vore opne heile sommar.

Open hall: Dette er ein aktivitet som Bygland IL ikkje direkte har noko med. Dette er eit arrangement der hallen er open for menneske i alle aldrar.
Kommuneoverlegen oppmodar om å vise varsemd i høve aktivitetane i hallen.

Konklusjonen blir at organiserte aktivitetar i regi av Bygland IL held fram.
Open hall: Det vil ikkje bli aktuelt inntil vidare. Det vil bli tatt ei ny vurdering etter haustferien.

Kommuneoverlegen

  • Ein person i karantene
  • Kommuneoverlegen tar kontakt med media for å presisere at dei som går i karantene må gje beskjed til kommunen
  • Turisttrafikken i Setesdal er framleis stor. Det gjev grunn til uro. Ein venter at denne trafikken blir redusert etter haustferien

Beredskap

  • Det er vanskeleg å halde seg oppdatert på kva kommunar som er raude. Kommuneoverlegen gjer greie for at tabellen som ligg på VG er ei grei rettesnor
  • Kvar måndag framover vil ein definere kva område som er raudt

PLO

  • Besøkrestriksjonar på Byglandsheimen. Den er open alle dagar, men ein må ta kontakt på førehand. Restriksjonane på Byglandsheimen er i tråd med dei sentrale retningslinene

Helse

  • Det er sendt ut oppdaterte retningsliner for testing

Ordførar

  • Får stadfesta at kommunen har nok testutstyr
  • Får stadfesta at kommunen har eit beredskapslager
  • Ordførar skriv ein appell som vil bli lagt på heimesida

Rådmann

  • «Koronasjukehuset»  i Kristiansand: Kommunen takka nei til dette, då kommuneoverlegen vurderer at Setesdal har god nok kapasitet

Det blir nytt møte måndag kl. 8:00