Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)
 

Status pr. 27.04.20 kl. 09:00

  • Ingen nye smitta
  • Ingen i karantene
  • Det har blitt tatt ein del testar – alle negative
  • Det har kome brev frå direktoratet om auka testing. Ein må lage retningsliner for dette
  • Gjennomføring av digitale møte for Rådet for eldre og funksjonshemma er ikkje mogleg då ikkje alle har iPad. Dei kan møte i kommunestyresalen, der er det mogleg å imøtekome avstandsreglane
  • Ungdomsrådet – her må ein vurdere kva form ein held møtet
  • Bibliotekar tar kontakt med kommuneoverlege for å få ei vurdering om biblioteket kan opnast
  • Store arrangement: Ein avventer retningsliner den 30.4.
  • Turistinformasjon: Ein avventer retningsliner den 30.4.
  • Opning av barnehage og skule har gått greitt