Til stades: John Salve Sigridnes, Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Kåre Einar Larsen, Kjersti Plathe, Hind Harira, Irene Moe, Ann Cecilie A. Attestog, Anne Fauske, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

Kommuneoverlegen:

Frå 1. desember blir det innført hurtigtest. Dette er bra om det blir stort smittetrykk, men hurtigtesten erstatter ikkje den ordinære testen. Hurtigtesten er kun ein indikasjon, og må bli fulgt opp av den ordinære testen.

Der er no auke i smittetala kvar dag. Det er fokus på barnehagar, skular og institusjonar. Vi har eit sjølvstendig individuelt ansvar for å unngå smitte inn på Byglandsheimen. Der er gode rutinar på Byglandsheimen. Der er og god dialog med tenesteleiarane på oppvekstsentra.

Ein må heile tida halde motivasjonen oppe i høve smittevern. Dette er ein felles dugnad!

Oppvekstsentra:

Status på joleavslutningar: Vi har fått klarsignal på at vi kan ha joleavslutningar. Avslutninga vil vere utandørs.

Arbeidsgruppa for barn, unge, eldre og sårbare menneske:

Frivilligsentralen har klart ein del aktivitetar, om dei blir godkjent av kommuneoverlege.

Retningslinene
Retningslinene på institusjonar i Bygland og Evje og Hornnes er ulike. Bakgrunnen for dette er at «infrastrukturen» er ulik. Bygga er ulike, og krev ulike tilnærmingar til retningslinene. Retningslinene på Byglandsheimen er tilpassa bygget, og besøk blir gjennomført på den måten ein meiner er det tryggaste.

Det blir tatt ei gjennomgong av retningslinene på Byglandsheimen over helga.

Ordførar:
Spurte om kva den praktiske konsekvensen for t.d. Byglandsheimen er, om dei retningslinene som gjeld i dag held fram til jol?

Kåre Einar Larsen: Vi skal ha jolefeiring på Byglandsheimen, men det kan ikkje bli tradisjonell feiring. Det er ikkje mogleg å ha jolebord med pårørande, men det vil bli gode alternativ. Der er planlagt ei mengde aktivitetar som kan bli haldne innafor gjeldande retningsliner.

Testing i heilagdagane i jola
Om vi får eit smitteutbrot, er det ordna med personell til testarbeid.
Hurtigtestane kjem ca 1. desember og kan bli brukt i samband med smittesporing.

Desemberutgåva av Byglandsnytt skal ut til alle husstandar
Fristen for å kome med informasjon til Susanne er i dag. Alle som har viktig informasjon i samband med Covid-19 (aktivitetar, telefonnummer etc.) må levere det til Susanne seinast måndag.