Frammøtte

Sigbjørn Fossdal, John Salve Sigridnes, Åsulv Horverak, Kjersti Plathe, Ann Cecilie A. Attestog, Camilla Verdal, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Teams)

Agenda

  1. Eventuell justering av tiltak etter nye retningslinjer fra regjeringen
  2. Diskusjon av plan for å ta vare på eldre (kaffekoppen)
  3. Status vaksinering
  4. Eventuelt

Innleiing frå kommuneoverlegen

Ungdomskulen gjekk over til gult nivå. I kommuneorganisasjonen held ein fram med heimekontor så langt det er mogleg. Ein tenker mykje på den situasjonen vi er i. Vi har kome godt ut av det i desse to kommunane. Der er menneske som reiser ut og inn av kommunane. Vi må difor halde trykke oppe, og halde fram med den felles dugnaden.  Ein opplever å ha ein god magefølelse, og vi må prøve å halde fram med den gode samhandlinga.

Sak 1: Eventuell justering av tiltak etter nye retningsliner frå regjeringa

Kommunedirektør:

  • Ungdomsskulen gjekk frå raudt til gult. Det gjekk greitt.
  • Internt hos oss må vi vere innstilt på å halde fram med heimekontor. I tillegg må ein passe på at ting ikkje sklir ut
  • Korleis gjer vi med fellesareala (Kantina, pauserommet nede)? Kommunedirektør ønskjer å stenge fellesareala. Dei tilsette som er på kontoret, må ete lunsjen på kontoret sitt. Kommuneoverlegen er einig i dette. Ein må prioritere å halde viktig møteaktivitet i gong
    Konklusjon: Heimekontorordninga held fram. Kantina og pauserommet på kommunehuset blir stengt
    2 meters avstand under 15 min. Kan ein ikkje halde desse avstands-/tidskrava, er det ikkje greitt med felles pausar
  • Publikumsmottaket er framleis stengt
  • Det viktigaste er å halde drifta i gong

Sak 2: Diskusjon av plan for å ta vare på eldre (kaffekoppen)

Tiltaket blir iverksett. Behovet er kartlagt, og det er omlag 16 personar i den aktuelle gruppa. Alle gav tilbakemelding om at dette er eit svært godt tiltak. Det er 5 stk som kan tenke seg å få høve til å delta i «kaffekoppen» Ressursmessig vil ordninga kreve omlag ei 20% stilling så lenge koronasituasjonen er som den er.

Ordførar gav innspel om at dette er noko ein må finne midlar til. Kommunedirektøren var einig, og ønskjer å forankre det politisk i formannskapet.

Sak 3: Status vaksinering

Vaksineringa er godt i gong. Vaksinering av kritisk helsepersonell er og så smått i gong. Det er ikkje så mange dosar som kjem kvar gong. Det er kontroll på ressursbehovet.

Massevaksinasjon: Vi er opptatt av å varsle så tidleg som mogleg.

Sak 4: Eventuelt

  • Koronatelefonen: Der er ikkje mange som benyttar seg av denne
  • ​Der er ikkje mange testar. Omlag eit snitt på 3-4 dagleg
  • Det er 10 personar som er grensa for frammøte på interne møte
  • Ein må ta ei vurdering på alternativt lokale for kommunestyremøtet, men formannskap og PMR kan haldast i kommunestyresalen
  • Aktivitetar i Byglandshallen og Årdalshallen: Det er opna opp for dei under 20 år
  • Styrkerommet i Byglandshallen er ope
  • Skjenkestopp: Vi har ikkje grunnlag for å halde fram med skjenkestopp i Bygland så lenge det ikkje er eit stort smittetrykk. Ein presiserer at dette gjeld skjenking til mat. Konklusjon: Bygland kommune følgjer dei nasjonale retningslinene, og oppmoder kraftig om å ha liste over gjestene. Rune innhenter status på utestadene.
  • QR-kode til bruk i smittesporing: Rune ser på dette saman med Jorunn
  • Kommuneoverlegen er frigjort frå delar av jobben for å få tid til å arbeide koronarelatert. Det er underteikna ein avtale med Evje og Hornnes kommune