Til stades: Leif Sigurd Helle, Åsulv Horverak, Sigbjørn Åge Fossdal, John Salve Sigridnes, Valborg Attestog, Kjell Øyvind Berg, Kjersti Plathe, Ann Cecilie Andersen, Lene Fjerdingstad, Irene Moe, Liv Åsne Austad Andersen, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten

  • Kommuneoverlegen er framleis uroleg for situasjonen. Det som er viktig for oss er å vere i forkant av utviklinga, og planlegge for omikronutbrot. Om det utbrotet kjem samstundes som sesonginfluensaen, kan det oppstå utfordringar. Framleis er det delta-varianten som dominerer
  • Tenesteleiar Helse orienterte om at vi har ein del smitte no (4 personar i isolasjon). Det er eit godt samarbeid mellom kommunane Bygland og Evje og Hornnes
  • Planverket:
    • Vi har ein gjensidig avtale om akuttberedskap med legekontoret på Evje.
    • Der er ein gjensidig avtale med kommuneoverlegehjelp.
    • Intensjonsavtale ved større smitteutbrot med Åseral og Evje og Hornnes i høve testing og smittesporing
    • Avtale med Evjeheimen som gjeld om vi får eit stort utbrot, og om vi treng ei isolasjonsavdeling for covid-19-pasientar
  • Ordførar bad kommuneoverlegen vurdere fleire lokale tiltak mtp stengt publikumsmottak på kommunehuset, lukke Byglandsheimen for besøkande m.v. Det er viktig at vi er i forkant av utviklinga
  • Kommuneoverlegen minna om at han ikkje har heimel i Smittevernloven til å vedta lokale tiltak som ei forebygging. Der må vere ein reell situasjon for å ha heimel
  • Beredskapskoordinator bad om at vi er i forkant med tiltak i høve utleige av kommunale bygg i samband med jol/nyttår
  • Det blei spurt om det komande kommunestyremøtet kunne gjennomførast, svarte kommuneoverlegen at det kan gjennomførast i kommunestyresalen, men alle må ha munnbind
  • Tenesteleiar Pleie og omsorg gjekk gjennom dei smittereduserande tiltaka på Byglandsheimen – munnbind, avstand, logg over besøkande m.m.
  • Kommunedirektør kallar inn til møte for å planlegge bemanningssituasjonen i høve fleire ulike scenarioer
  • Kommunedirektør kallar inn til møte for å klargjere og gå gjennom eventuelle lokale tiltak
  • Kommunedirektør presiserer at kommunale bygg og lokale kan ikkje leigast ut/lånast ut i tida før nyttår
  • Tenesteleiar Pleie og omsorg bad om ei klargjering i høve utlevering hurtigtestar (informasjonen på heimesida om sjølvtestar blei lagt på topp i løpet av møtet)

Kommunedirektøren oppsummerte.