Frammøtte: Sigbjørn Fossdal, John Salve Sigridnes, Åsulv Horverak, Kjersti Plathe,  Irene Moe, Hind H. Harira, Rune Larsson, Jorunn Sørlie Tveiten

Status pr. 13.11.20, kl.08:00

Kommunedirektør:

  • Har hatt møte med Rune om beredskap
  • Har fokus på tida framover når det no ser ut til at ein går mot ein ny topp
  • Det blir ikkje høve til joleavslutningar for tilsette i år. Ein kan heller ta ei samling når situasjonen har normalisert seg.  J.S sender ut ein e-post til alle tilsette om dette
  • Oppvekstsentra held joleavslutningar som før, men med sterkt fokus på retningslinene

Kommuneoverlegen

  • Vi er heldige og har ikkje fått meir smitte i kommune. Det er påvist Covid -19 i Iveland.
  • Det er viktig at fokus er på den felles dugnaden no, ikkje å forsøke å strekke retningslinene. Ved samlingar aukar faren for smitte. Kommuneoverlegen oppmodar om å legge større samlingar «på is» ei tid framover.

Ordførar

  • Eldre, uføre og einslege blir meir og meir isolert. Det er sett ned ei kommunal gruppe, og denne gruppa skal orientere i formannskapsmøtet
  • Ein skal ikkje prøve å finne smutthull i retningslinene. Ein må på eit punkt sette seg ned for å finne løysingar på til dømes besøksordningar og andre tiltak for eldre, uføre og einslege

Helse

  • Kva med dagtilbodet til menneske med alvorlege psykiske lidingar? Kommuneoverlegen svarer at ein må prøve å finne eit nivå der behovet for sosiale møteplassar blir halde innafor smittevernreglane.
  • Dei som kjem frå utlandet skal i karantene. Bør det vere eit opplegg for dette? Karantenehotell?

Byglandsfjord oppvekstsenter

  • Ein del fråver av barn i barnehagen
  • Lite fråver blant tilsette
  • Arbeider med pandemiplanen
  • Arbeider med opplegg for joleavslutningar som er innanfor retningslinene

Bygland oppvekstsenter

  • Arbeider med pandemiplanen
  • Ikkje mykje fråver hos barn i barnehagen
  • Arbeider med opplegg for joleavslutningar som er innanfor retningslinene

Beredskap

  • Orienterte om arbeidet i gruppa med aktivitetar for dei sårbare gruppene.  Det vil bli eit alternativt opplegg for desse i jula. Der vil bli presentert forslag til opplegg for desse.
  • Når det gjeld joleavslutningar for tilsette, oppmodar fylkesmannen om å ikkje gjennomføre slike samankomster.


Aktivitetar på fritida

  • Kva med ungdomsklubben, volleyballtrening, fotballtrening? Dette blir tema på neste møte.


Konklusjon

  • Oppvekstsentra presenterer opplegget for joleavslutningar i neste møte
  • Arbeidsgruppa presenterer opplegget dei har for sårbare menneske neste møte
  • Joleutgåva av Byglandsnytt skal sendast ut til alle innbyggjarar pr. post. Den må innehalde mykje informasjon om kvar sårbare menneske kan få hjelp
  • Restriksjonane t.d. på Pleie og omsorg i Bygland og Evje og Hornnes må vere likelydande
  • Ta opp korleis ein skal løyse eventuell testing i heilagdagane i jola
  • Det er behov for samordningsmøte mellom kommunane Bygland og Evje og Hornnes. John Salve tar initiativ til dette.