Frammøtte: Sigbjørn Åge Fossdal, John Salve Sigridnes, Åsulv Horverak, Kjersti Plathe, Ann Cecilie A. Attestog, Camilla Verdal, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Teams)

Sak 1: Status tiltak fram mot 18. januar - konsekvensar ved forlenging

Kommunedirektøren: Det er viktig at ein ser på retningslinene i forhold til sårbare grupper.

Kommuneoverlegen: Status pr. no er at vi ligg godt an lokalt. Det er få personar som må i karantene i dei to kommunane Bygland og Evje og Hornnes. Det er viktig at vi held oppe trykket no! Det er stigande smittetal i landet, med over 700 nye smitta siste søgn. Vi må tenke og planlegge ut ifrå at det kan kome nye smitta. Dei lokale tiltaka har hatt, og har ein god effekt. Der er ein stor lojalitet i kommunane, vi lever i ein ekstrem situasjon.

Til alle som gjer ein dugnad innafor heile kommunen: Det er ufatteleg godt jobba!

Om ein ser litt framover, kan ein ikkje sjå at situasjonen betrar seg før påske. det er heller ikkje særleg stor tilgong på vaksinar, så sjølve vaksineringa tar tid.

Ordførar: Det er viktig at ein tenker på kva desse retningslinen har å seie for innbyggjarane i Bygland. Der sit eldre som har mista heile sitt nettverk, og som har vore lite ute av døra i snart eitt år. Kan ein sjå på om der er høve til å utvide talet på t.d. heimehjelper? Heimehjelpene kjenner dei eldre, og ein ser for seg at noko av tida kunne bli brukt til å ta ein kopp kaffe og ein prat.

Kommuneoverlegen: Eit slikt tiltak ville hatt mykje å seie for den enkelte.

Pleie og omsorg: Dette er ein god tanke, men ein må vere tydeleg på at dette vil vere ei ordning som kun gjeld i ei avgrensa tid.

Kommunedirektøren: Pleie og omsorg kjem med ei ramme på kostnadane og ressursane ein treng for å gjennomføre eit slikt tiltak.

Ordførar: Med tanke på gjennomføring av dei politiske møta som startar i neste møte, er ein spent på korleis restriksjonane blir.

Sak 2: Status vaksinering

Helse: Vaksineringa er i gong. Det går ikkje fort, då tilgangen på vaksinar er dårleg endå. Dette vil betre seg etterkvart. Det er opna for at kommunen kan ta ei vurdering på andre grupper som kan få 20% av mottekne vaksinar. Kritisk helsepersonell bør vurderast som ei prioritert gruppe. Kritisk helsepersonell kan få vaksinen omlag i veke 4. Ein må heile tida ha vaksinar nok til revaksineringa.

Kommuneoverlegen presiserte at det er legekontoret og tilsette i pleie og omsorg ein ser på som kritisk helsepersonell.

Gjennomføring av massevaksinasjon. Det er planlagt bruk av Årdalshallen og Byglandshallen til massevaksinasjon. Når ein ser på tilgongen på vaksinar, vil det bety at ein bruker store hallar for vaksinering av få. Ein bør kanskje sjå på andre alternativer.

Vi er klare til å gjennomføre massevaksineringa utan den store bruken av andre tilsette i kommunen.

Konklusjon frå kommunedirektøren: Vi bruker kommunestyresalen og legekontoret  til vaksinasjon av mindre grupper når det blir aktuelt.

Kommuneoverlegen presiserte at alle skal få si vaksine i sin heimkommune. Det er ikkje knytta opp til kva kommune ein har fastlegen.

Det blir nytt møte i kriseleiinga 20 januar kl. 15:30.