Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)

Status pr. 12.05.20 kl. 09:00

  • Ingen nye smitta
  • Ein ny person i karantene
  • Mange henvendingar på opning av aktivitetar
  • Bjoren skal segle til sommaren, noko redusert
  • Turistinformasjonen og Setesdalsmuseet vil vere opne
  • Kommuneadministrasjonen opnar som vanleg så fort det er praktisk mogleg. Der kjem nærare informasjon om dette
  • Etter opning av ulike aktivitetar, vil kommuneoverlegen kunne komme på uanmeldt tilsyn
  • Bygland legekontor har «Koronatelefonen» på fredagar framover
  • Helse arbeider med førebuing av massetesting