Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)
 

 

Status pr. 30.04.20 kl. 13:20:

  • Ingen smitta
  • Ingen i karantene
  • Kommunane Bygland og Evje og Hornnes har saman etablert isolasjonsavdeling på Evjeheimen
  • Tenesteleiar Helse og kommuneoverlege går saman og ser på ulike alternativ for auka grad av testing
  • Det har ikkje vore nokon problem i samband med opninga av skule og barnehage
  • Skulane er i rute. Alle elevane på dei små trinna på skulen har møtt opp, og frammøteprosenten i barnehagen er god
  • Når kommunen reduserer tilbodet på grunn av Covid -19, blir gebyret redusert (SFO, barnehage)
  • Dugnad på kyrkjegarden kan gå som planlagt, men ingen med symptom må vere til stades, og alle må halde avstand. Der må og vere tilgang på desinfeksjonssprit
  • Matfestivalen på Ose er avlyst
  • Rettleiaren for arrangement kjem ikkje før på ettermiddagen i dag
  • Kommuneoverlegen oppmodar om at alle held seg oppdatert vha Folkehelseinstituttet sine sider