Kommuneoverlegen

  • Kommuneoverlege Åsulv Horverak gjorde greie for situasjonen i Evje og Hornnes, i tillegg gjekk han gjennom administrasjonen i Evje og Hornnes sine rutinar i høve smittesporing
  • Det er ikkje naudsynt å sette i gong ekstratiltak i Bygland slik situasjonen er pr. no
  • Dei nasjonale retningslinene som blei presentert d. 12.10. gjeld ikkje for Bygland (og Evje og Hornnes) Det vil ikkje bli opna opp meir enn dagens nivå. 
    Presisering: Kommuneoverlegen anbefaler at skjenkestadene avlsluttar skjenking kl. 24:00 - ikkje kl. 02:00 slik som dei nasjonale retningslinene er endra til no

Leiar for smittesporingsteamet i Evje og Hornnes

  • Sigmund Olav Syrtveit forklarte korleis smittesporingsteamet i Evje og Hornnes er organisert
  • Han delte sine erfaringar etter auken i smitte i Evje og Hornnes

Kommunedirektør

  • Minna om at det er ordførar som har ansvaret for all informasjon ut 
  • Tensteleiar informerer kun etter avtale med kommunedirektør/ordførar
  • Kommuneoverlegen informerer om det helsefaglege

Helse

  • Det bør opprettast ein koronatelefon i Bygland. Legekontoret har ikkje kapasitet til å bemanne denne om det blir smitte i Bygland

Beredskap

  • Møteverksemd på kommunehuset: Det har kome spørsmål om lån av møterom på kommunehuset. 
  • Kommuneoverlegen bed Bygland ta omsyn til smittesituasjonen i nabokommunane. Denne type samlingar kan få store konsekvensar i høve smittesporing - også til andre kommunar

Ordførar

  • Stilte spørsmål om dei nasjonale retningslinene. Kommuneoverlegen stadfesta at desse ikkje gjeld for Bygland kommune