Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)
 

 

Status pr. 08.05.20 kl. 08:00

  • Ingen nye smitta
  • Ein person i karantene
  • Teststasjon for korona som skal vere på stasjonsområdet kjem i drift seinast 3. juni. Om ein ønskjer å bli testa, må ein ringe koronatelefon i forkant
  • Nasjonale retningsliner seier at skuletrinn 5 – 10 opner frå og med måndag. For Bygland blir det slik: Byglandsfjord opnar måndag 11.5. og Bygland opnar onsdag 13.5. Det vil bli lagt nærare informasjon på heimesida
  • Talet på menneske samla privat er 20 personar. Arrangement: 50 frå og med i dag. Frå og med 15. juni kan det vere opp til 200 på arrangement
  • Styrkerommet: Rune vil, saman med Bygland IL, leggje fram ein plan for opning av styrkerommet. Om kommuneoverlegen godkjenner denne, blir styrkerommet opna
  • Bjoren DS: Kom.dir, kommuneoverlege og ordførar tar kontakt med Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet for å ta den endelege avgjersla
  • Publikumsmottaket: Dagens situasjon held fram inntil vidare
  • Heimekontor: Dagens situasjon held fram inntil vidare
  • I neste veke blir møta tysdag og fredag