Søknadsfristar

Søknad om produksjons- og avløysartilskot i jordbruket har to søknadsfristar i året. I oktober er det både planteprodusentar, husdyrprodusentar og føretak med bikuber som kan søkje

  • Du kan levere søknaden frå og med 1. oktober, som er telledato
  • Søknadsfristen er 15. oktober
  • Du kan endre opplysningar i innlevert søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29. oktober
  • Du kan levere søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, dvs fram til og med 29. oktober, men tilskotsutbetalinga blir då redusert med 1000 kroner for kvar dag fristen er overskriden

Kva er det du skal registrere og søkje tilskot for i oktober?

Du kan søkje om:

  • tilskot til avløysing
  • husdyrtilskot (med unnatak for ammegeit og sau)
  • tilskot til økologisk areal og husdyr
  • tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • distriktstilskot frukt, bær og grønt for kvantum
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot til dyr på beite
  • tilskot til dyr på utmarksbeite
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk

Du registrerer dyr som gir grunnlag for:

  • tilskot for avløysing
  • tilskot for grovfôrareal

Er du ny søkjar?

Er du ny søkjar, bør du kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen. Du bør mellom anna sikre at føretaket er registrert i Landbruksregisteret, som er eit register som viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Landbruksregisteret hentar opplysningar om føretak og verksemd frå Enhetsregisteret. Du får ikkje levert søknad om produksjonstilskot med mindre føretaket er registrert i Enhetsregisteret.

Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

Om du har spørsmål som gjeld søknad om produksjonstilskot eller avløysartilskot, ta kontakt med kommunen der du driv jordbruksverksemd. Det er kommunen som rettleiar deg i søknadsprosessen, og som handsamar søknaden din.

Meir informasjon finn du her