Husdyrprodusentar

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket har to søknadsfristar i året. I mars er det husdyrprodusentar som kan levere søknad.

  • Du kan levere søknaden frå og med 1. mars, som er telledato
  • Søknadsfristen er 15. mars
  • Du kan endre opplysningar i innlevert søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29. mars
  • Du kan levere søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, dvs. fram til og med 29. mars, men tilskotsutbetalinga blir då redusert med 1000 kroner for kvar dag fristen er overskrida

Kva skal du registrere og søke tilskot for i mars?

I søknaden med søknadsfrist 15. mars, skal du registrere talet på husdyr du disponerer 1. mars. Registreringa du gjer gjev grunnlag for utmåling av husdyrtilskot, tilskot til økologisk husdyrproduksjon, driftstilskot til mjølkeproduksjon og til  spesialisert kjøttfeprosduksjon og tilskot til små og mellomstore mjølkebruk. I tillegg blir dyretallet per 1. mars tatt med i grunnlag for avløysartilskot og tilskot for grovfôrareal, som har søknadsfrist 15. oktober.

Er du ny søkjar?

Er du ny søkjar bør du kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen. Du bør blant anna sikre at føretaket er registrert i Landbruksregisteret, som er eit register som viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Landbruksregisteret hentar opplysningar om føretak og verksemd frå Enhetsregisteret. Det er eit vilkår for å kunne motta produksjons- og avløysartilskot at føretaket er registrert i Enhetsregisteret innan søknadfristen. Du får ikkje levert søknad om produksjonstilskot med mindre føretaket er registrert i Enhetsregisteret.

Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Om du har spørsmål som gjeld produksjonstilskot eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid, ta kontakt med Bygland kommune på 37 93 47 00. Det er vi som rettleiar deg i søknadsprosessen, og som handsamar søknaden din.

Meir informasjon om produksjonstilskot finn du her