Det er ikkje rett at vi snart er ferdig med å vaksinere dei som er i alderen 65 - 74 år. Vi held framleis på med vaksinasjon av dei som er fødd i 1941 - 1942, altså dei som er 79 år.

Samstundes med desse, skal vi og vaksinere helsepersonell og innbyggjarar under 65 år som fastlegen ser på til å vere i ei gruppe med moderat risiko. Desse får ei anna vaksinetype enn den dei over 65 år får. Dei over 65 år, eller dei fastlegen ser på som i ei gruppe med høg risiko, skal ikkje ha denne typen, då den førebels ikkje er godkjent for denne gruppa.

Vi får vaksinen i veke 10, og vil då sette opp ei prioritert liste saman med legane.