Planprogrammet finn du HER

Kvifor planprogram først?
Det er plan- og bygningslova som fastset at ein skal lage eit planprogram før sjølve arbeidet med ein kommuneplan.
Planprogrammet er ein slags plan for planen. Planprogrammet skal seie noko om målet med planarbeidet, prosessen og opplegg for medverknad
Kommuneplanen skal seie noko om korleis Bygland skal utvikle seg og korleis vi vil at det skal vere å bu i Bygland kommune om 10 år

Prosessen vidare
Samfunnsdelen blir utarbeidd først.

Samfunnsdelen har som hovudmål å sikre ei heilskapleg planlegging og at vi - kommunen som samfunn og organisasjon - dreg i samme retning. Den skal danne grunnlag for einingane sine planar og verksemd i kommunen.

I løpet av hausten 2019 vil vi gjennom ulike arenaer for medverkning få inn innspel til hovudsatsingsområda:

  • Attraktive og livskraftige sentra og bygdelag
  • Verdiskaping og berekraft
  • Utdanning og kompetanse
  • Kultur, idrett og friluftsliv
  • Transport og kommunikasjon

Ein vil spesielt ha fokus på desse gjennomgåande perspektiva:

  • Næringsutvikling og samarbeid om nye arbeidsplassar
  • Folkehelse, levekår, likestilling, inkludering og mangfald
  • Klima og miljø

Arbeidet med arealdelen startar opp i slutten av 2019 og den vil ha samfunnsdelen som grunnlag

Kommuneplanens arealdel skal gje hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og føresetnader for kva nye tiltak og ny arealbruk som skal settast i verk, samt kva for viktige omsyn som å takast i vare ved disponering av areala.

Det blir starta ein medverknadsprosess rundt dette i løpet av vinteren 2020, og vi ser fram til å få gode innspel til arealdelen.

Følg med på kunngjeringar om arenaer for medverknad og engasjer det i arbeidet med å gjera kommuneplanen til eit godt styringsdokument for å skape trivsel og utvikling i Bygland!