Kva tid skal du bli heime pga sjukdom?

  • Symptom på luftvegsinfeksjon kan starte med svake symptom, som til dømes hodepine og tett nase, eller meir klassiske influensasymptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand. Symptoma kan vere teikn på covid-19
  • Det er særleg vikig at du held deg heime i det du får dei første teikna på akutt luftvegsinfeksjon. Du er mest smittsam dei første dagane med symptom. Svake symptom kan vere vanskeleg å tolke, men det er tilrådd at du tester deg for SARS-CoV-2 før du eventuelt går på skole/jobb
  • Om du har nye symptom på luftvegsinfeksjon som feber, hoste sår hals eller nedsett allmenntilstand, bør du halde deg heime
  • Ungdom og vaksne bør ha ein negativ covid-19-test før dei vender tilbake til skole eller arbeid

Lenke til flytskjema frå FHI Dette skjemaet gjeld for alle, også dei som er vaksinerte eller har gjennomgått covid-19 tidlegare.

 

Kva tid skal du halde barna heime frå skole og barnehage?

  • Forkjølelse er den vanlegaste infeksjonen hos barn. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstande tilseier det. Det betyr at barn med noko restsymptom etter forkjølelse, som rennande nase/snørr eller hoste, kan kome tilbake til barnehagen når barnet elles er i si vanlege form
  • Ved hoste utan feber kan barnet gå tilbake til barnehagen når allmenntilstande tilseier det. Ved langvarig eller kraftig hoste bør barnet bli undersøkt for blant anna kikhoste

Flytskjem frå FHI

Råd til småbarnsforeldre ved RS-virus

  • Hald barn med nye symptom på luftvegsinfeksjon heime frå barnehage, også når koronatesten er negativ. Dette kan minske smittespreiing til andre barn, uansett virus. Som for andre sjukdomar, er ein mest smittsam i starten
  • Småbarnsfamiliar bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom - det er eit godt råd og når det ikkje er virussesong
  • I familiar med nyfødde og spedbarn bør besøk avgrensast. Om familien har behov for støtte, omsorg og avlasting, bør dette likevel ivaretakast
  • Storesøsken må vaske hender når dei kjem heime frå barnehage, før dei helser på spedbarn i familien
  • Om storesøsken blir sjuke, bør foreldra passe på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om det kan vere vanskeleg i praksis. Dette er særleg viktig i dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon

Vaksine