Bygland kommune ynskjer å sette saman ei arbeidsgruppe med representantar frå lokale lag og foreiningar, som brukar hallen og kan kome med innspel til kva vi skal gjere for å få den så bra som mogleg, innanfor dei økonomiske rammene vi har. Fokus for denne gruppa vil vere å ha innspel til innhaldet i hallen. Det vil seie t.d. scene, lys, lyd, sitteområde, inventar osb.

Kommunen inviterer følgande lag og foreiningar til å utnevne interesserte representantar til denne gruppa:

  • Bygland IL
  • Bygland frivilligsentral
  • Bygland hornmusikk
  • Kong Hanes Eftf.
  • Framsteg 4H
  • Bygland husflidslag
  • Bygland bygdekvinnelag
  • Bygland helselag
  • Austad leikarring
  • Bygland skyttarlag
  • Bygland jeger og fisk
  • Byglandsfjord grendelag

 

Alle lag/foreiningar/andre som har lyst til å ha med ein representant i denne gruppa, bes sende ein e-post med navn til Kaja Øvergård Bygland på: kaja.bygland@bygland.kommune.no. 

Andre interesserte er også velkomne til å kome med innspel!
Send det skriftleg til underteikna på e-post.