I møte den 7.6.2022 gjorde Plan-, miljø- og ressursutvaletessursutvalet i sak 86/22 fylgjande vedtak:

  1. Ny flaumvurdering for Åraksfjorden og Byglandsfjorden, jfr. notat frå Norconsult AS av 20.12.2018 blir lagt til grunn i staden for flaumhøgder som går fram av NVE sittaktsomhetskart for flaum og flaumhøgder som går fram av Strandsoneplanen (s.13) 
  2. Ny flaumvurdering med klimapåslag blir overordna alle tidlegare planar og vedtak etter plan- og bygningsloven og skal brukast fram til ny flaumsonekartlegging er ferdig, truleg i slutten av oktober 2022. 

 

Ny flaumhøgder gjeldande frå vedtaksdato, 7.6.2022, blir som fylgjande:

Gjentaksintervall

Vannstand Åraksfjorden

Vannstand Byglandsfjorden

20 år

204,16  m.o.h

203,06  m.o.h.

200 år

205,62  m.o.h.

203,96  m.o.h.

1000 år

206,55  m.o.h

              204,54  m.o.h

Verdiane må sjåast på som minimumsverdiar og ein tilrår at det i samsvar med uttale frå NVE blir lagt til ein tryggleiksmargin på + 0,5 m. 

Heile saksframlegget med vedlegg finn du lenger nede på sida under Vedlegg