Måndag 15. august møtte skulane, SFO og barnehagane til felles planleggingsdag, for å legge til rette for at barn og unge i kommunen skal trivast og vekse i leik og læring.

Å bygge faglege og sosiale fellesskap for store og små på tvers av skulane og barnehagane var eit viktig tema for dagen.

Tysdag 16. august samla sektoren seg på nytt om felles kompetanseheving innan traumebevisst omsorg, leidd av dyktige fagfolk frå RVTS.