Det betyr at ein går tilbake til det generelle bålforbodet som gjeld for heile landet.

  • Dei opphever dette forbodet fordi faren for skogbrann er mindre no. Det har kome ein del nedbør fleire stader i Agder den siste tida, og prognosane viser at det vil kome meir i tida framover.
  • Dersom ein ser at det blir like turt som det har vore i juni ut over sommaren, vil dei vurdere å innføre det midlertidige forbodet att

 

Det generelle forbodet gjeld no

Det er det generelle forbodet som gjeld frå og med fredag 30. juni, og dette gjeld i samtlege kommunar i Noreg.

  • Det er veldig lokale variasjonar når det gjeld nedbøren som har kome og den som er meldt i tida framover. Det betyr at det framleis er svært turt enkelte stader. Det er mange stader det framleis vil vere uforsvarleg å tenne opp bål. Dette er altså den enkelte sitt ansvar.
  • Du kan lese meir om det generelle bålforbodet her: https://lovdata.no/sok?q=2015-12-17-1710