Høgt prioritert målgruppe

Unge bønder under 35 år og bønder som planlegg å hente vesentlege delar av inntekt og sysselsetting frå bruket

1. Grovforbasert husdyrhald. Følgjande produksjonar blir prioritert

  • Mjølkeproduksjon; spesielt fokus på små og mellomstore bruk med færre enn 30 kyr, jfr. nasjonale føringar. Oppgradering til lausdrift og annan rasjonalisering
  • Kjøttproduksjon på storfe
    • Spesielt fokus på små og mellomstore bruk med færre enn 30 ammekyr
    • Ombygging frå bås til lausdrift vil bli prioritert, samt noko nyetableringar og utvidingar innan ammeku
    • Omlegging frå mjølkeproduksjon til rein kjøttproduksjon
  • Saueproduksjon
    • Ein kan gi tilskot til naudsynt fornying/oppgradering på eksisterande sauebruk
    • Prosjekt i innlandskommunar med stor andel utmarksbeitegrunnlag er prioritert
  • Det skal for alle produksjonar vere godt samsvar mellom gården sine eigen areal, lokaliseringa av dei disponible areala, kvotegrunnlag og investeringa sitt omfang
  • Prosjekt med auka andel av beite i forgrunnlaget og auka produksjon gjennom betre utnytting av beiteressursar, er prioritert
  • Økologisk produksjon blir prioritert

2. Planteproduksjon

  • Investeringar og utvikling innan produksjon av m.a. grønnsaker, korn, potet, frukt bær, veksthusplanter er høgt prioritert. Til dømes til lager/kjølelager, korntørke, pakkeri og tunnellar og til etablering av frukt- og bærfelt
  • Økologisk produksjon blir prioritert

3. Gjødsellager

  • Tiltak som bidreg til redusert utslepp som gjødsellager med overdekke eller 10 - 12 mnd. lagringskapasitet

4. Vatningsanlegg

  • Ein kan gi støtte til faste installasjonar. Vatningsvogn og anna flyttbart overflateutstyr kan ikkje inngå i støttegrunnlaget

5. Kraftfòrbaserte produksjonar

  • Ein kan støtte modernisering og oppgradering av produksjonsanlegg utan produksjonsauke, og som representerer eit klart løft. Til dømes omlegging til SPF-gris
  • Under føresetnad av endring for svin i nasjonal policy, kan ein opne for investeringar i slaktegrisproduksjon under den føresetnaden at der er leveringsavtale med varemottakar
  • På grunn av marknadssituasjonen støttar ein ikkje nyetablering og utviding innan konvensjonell produksjon på/av egg, kylling og kalkun, med unntak for produsenter som vil bygge om frå miljøbur til frittgåande høner
  • Omlegging frå konvensjonell til økologisk produksjon innan egg, kylling og svin kan bli støtta under føresetnad av leveringsavtalar eller marknadstilgong

Prioriterte landbruksbaserte næringar/tilleggsnæringar:

  • Inn på tunet
  • Vidareutvikling og produktutvikling av lokal mat
  • Landbruksbasert reiseliv og opplevingsproduksjon
  • Joletre og pyntegrønt
  • Birøkt
  • Samarbeidstiltak (Nettverk)

Ikkje prioriterte tiltak/område

  • Verkstad, reidskapshus, vedlager
  • Løpande vedlikehald
  • Kjøp av livdyr (også rekna bifolk)
  • Brukt utstyr (som tidlegare er delfinansiert med tilskot, unntak er brukt mjølkerobot)
  • Ridesenterverksemd, trav, golf
  • Utstyr anskaffa ved leasing

Lån

Ein kan gi lån til næringsformål (m.a. driftsbygningar og anlegg av meir varig karakter til tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar, kjøp av eigedom og tilleggsareal og kvote/besetning