Prøvetaking

Det er sannsynleg at prøvetaking med kombinert svelg-naseprøve til antigen-hurtigtestar vil fange opp nokre fleire smitta personar enn prøve frå kun nase. Dette gjeld særleg dei første dagane ein har symptom.

Dei fleste tilgjengelege antigen-hurtigtestar er tiltenkt analyse av prøvemateriale frå bakre- eller framre naseprøve, men det ser ut til at desse fungerer godt også for kombinert prøve frå svelg og nase.

-Spesielt vaksne personar med symptom kan difor ta prøve både frå svelg og nase når dei gjer sjlvtestar, seier lege Joakim Øverbø i Folkehelseinstituttet.

Ta prøva først frå svelget/halsen og deretter frå nasen slik at det er størst moglegheit for å fange opp smitte. Du bør ikkje ta prøve kun frå svelget/halsen.

Ei naseprøve aleine vil framleis fange opp dei fleste smitta, så personar som tykkjer det er ubehageleg/vanskeleg å ta test frå svelget/halsen kan teste seg på vanleg måte i nasen. For barn er det framleis tilrådd å ta testen frå nasen.

Prøvetaking frå svelg/hals bør gjerast om morgonen før inntak av mat og drikke, for å unngå at testen blir falskt positiv. Nokre mat- og drikkevarer er vist å kunne påverke testresultatet.

Tilrådingar om testing

Om du får eit negativt resultat ved sjølvtesten og har nye symptom, er det tilrådd å ta ein ny test 2-3 dagar seinare. Er symptoma lette, treng ein ikkje halde seg heime i tida mellom den første og andre testen. Dei som er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære til ein smitta person bør halde seg heime mellom den første og andre sjølvtesten dersom dei har symptom.

Auka kunnskapsgrunnlag

Nokre opplever tidleg i sjukdomsforløpet å få positiv sjølvtest når dei tester både i svelg og nase, medan testen er negativ når dei tar prøven kun frå nasen. Desse observasjonane får no også støtte frå studie som viser at prøvetaking med kombinert svelg-naseprøve til antigen-hurtigtestar sannsynletgvis vil fange opp nokre fleire smitta personar enn prøve frå nasen åleine. Dette gjeld særleg dei første dagane ein har symptom.

Sjå den oppdaterte nettsida: Antigen-hurtigtestar