For deg som treng hjelp:

Tilbodet gjeld i hovudsak dei som er heime og isolerte på grunn av karantene. Tilbodet kan og gjelde dei som er for sjuke til å ordne dette sjølve.

Om du treng hjelp, kan du sjølv melde inn behov på denne sida: https://bygland.frivilligsentral.no/

Om du ikkje har tilgong til internett, kan du ringe dette nr.: 945 10 770. Du kan ringe desse dagane: måndag, onsdag og fredag. Alle dagane i tida mellom kl. 10:00 og 12:00.

Når det gjeld betaling for varene, må du sjølv oppgje namnet ditt, adressa di og telefonnummeret ditt til butikken før den frivillige kan hente matvarene/medisinen. Deretter vil du få faktura frå butikken. Dei frivillige vil ikkje handtere pengar.

For deg som vil hjelpe:

Om du vil hjelpe, kan du sjølv melde inn dette på denne sida: https://bygland.frivilligsentral.no/. Ein oppmodar om å nytte denne sida i hovudsak.

Eit anna alternativ dersom du ikkje får til å nytte heimesida er å nytte frivillig.no. Her finn du oppdraget https://frivillig.no/bygland-frivilligsentral/bli-med-p-dugnaden-utkjring-av-husholdningsartiklermedisinertelefonsttte.

På den måten vil vi få den informasjonen vi treng, og du kan finne ut kva vi treng hjelp til.

Har du ikkje datakunnskap kan du også sende sms til 945 10 770, med namn og info om kva du vil hjelpe til med