Oppdatering pr. 11.1.22

Det har kome svar på alle PCR-testane som blei sendt 9.1. Det viser at alle har testa positivt på covid-19 - omikronvarianten. 
Helsetenesta har vore i kontakt med alle smitta, og nærkontaktene blei kontakta tidlegare i veka.

Status pr. i dag blir som følgjer:

  • Isolasjon: 8 personar
  • Smittekarantene: 5 personar

Listene over personar i isolasjon og personar i smittekarantene varierer ofte frå dag til dag. Det kan til dømes kome av at dei som har vore i isolasjon og smitta, blir friske og går ut av isolasjon. Dei som er i smittekarantene, kan vise seg å måtte bli overført frå smittekarantene til isolasjon, medan dei som står som nærkontakter kan teste seg ut av karantene etter ei tid. Difor er det ikkje alltid like lett å sjå ein samanheng frå dag til dag.

Oppdatering pr. 9.1.22

Vi har i dag fått melding om 7 positive sjølvtestar. Det er i tillegg sett 7 personar i smittekarantene. 
Alle skal ta PCR-test i morgon. Desse vil bli sendt til analysering på sjukehuset, og vi reknar med å få svar på desse i løpet av tysdag eller onsdag.

Alle elevar og tilsette ved Bygland oppvekstsenter har fått beskjed om å ta ein sjølvtest før dei kjem til skulen måndag.

Status pr. no er som følgjer:

  • Isolasjon: 7 personar
  • Smittekarantene 7 personar

Oppdatering pr. 4.1.22

I dag har vi fått melding om 4 positive PCR-testar. Den eine av desse er busett ein annan stad i landet, så vedkomande vil bli følgd opp frå heimstaden. Dei 3 andre var allereie sette i smittekarantene frå før.

Status pr. no er som følgjer:

  • Isolasjon: 5 personar
  • Smittekarantene: 3 personar

Oppdatering pr. 3.1.22

I dag har vi ikkje motteke melding om nye positive prøver. 

Vi har i løpet av dagen tatt fleire PCR-testar som er sendt til sjukehuset for analyse. Desse vil vi nok få svar på i løpet av tysdag eller onsdag.

Oppdatering pr. 1.1.22

Vi har i dag fått melding om ein ny postiv PCR-test. I tillegg er det to testar som må bli tekne på nytt, der den eine har positiv hurtigtest.

Status pr. 1.1.21: Det er no 10 personar som er i isolasjon/smittekarantene.

Oppdatering pr. 31.12.21

Vi har i dag fått melding om ein positiv sjølvtest. Det er tatt PCR-test som er sendt til analysering.
I tillegg har vi tatt PCR-testar av nærkontaktene. Desse blir sendt til analysering, og vi venter å få svar på desse i løpet av morgondagen.

Status pr. 31.12: 4 i isolasjon og 4 i smittekarantene.

Oppdatering pr. 30.12.21

Vi har i dag fått melding om ein ny positiv sjølvtest og ein positiv PCR-test. Den positive PCR-testen viste positivt på omikronvarianten.

Smittevegen er kjent og båe er sette i isolasjon, og nærkontakter er kontakta. 

Status pr. 30.12.:
2 personar i isolasjon og 1 person i smittekarantene.

Oppdatering pr. 27.12.21

Vi har pr. 27.12.21 ikkje fått melding om fleire smitta. Status no er: 1 person i isolasjon og 3 personar i smittekarantene.

Oppdatering pr. 24.12.21

Vi har no fått melding om to positive PCR-testar. Det er stadfesta at desse to positive prøvene er omikronvarianten.

Båe er sette i isolasjon og nærkontaktene er  kontakta. Helsetenesta følgjer opp dei smitta.

Oppdatering pr. 21.12.21

Oppdatering 21.12.21. kl. 21.00

Vi har i ettermiddag fått beskjed om 2 positive PCR-testar. I tillegg var det ein positiv sjølvtest der analysene viste ingen Covid - altså negativ.
Vi har også fått melding om 3 positive sjølvtestar. Desse tar PCR-test i morgon på legekontoret.. Det er stadfesta at dei to positive PCR-testane er omikronvarianten.

5 er i smittekarantene, dei tar PCR-test i morgon på legekontoret.

Alle nærkontaktar er kontakta. Helsetenesta følgjer opp dei smitta.

Formiddag 21.12.21

Vi har i dag fått melding om ein positiv sjølvtest. Det blir tatt PCR-test som vil bli sendt til sjukehuset for analysering. Vi vil få melding om resultat på testen når den er ferdig analysert.
Ein er i gong med å kontakte nærkontaktar.

Helsetenesta følgjer den smitta opp vidare.

Oppdatering pr. 17.12.21

Vi har i dag fått melding om to positive sjølvtestar. Det blir tatt PCR-testar som vil bli sendt til sjukehuset for analysering. Vi vil få melding om resultata på testane når dei er ferdig analyserte.
Begge er kontakta av helsetenesta som følgjer dei opp vidare.

Vi bed dei som blei vaksinerte i går (16.12) om å vere obs. på om det oppstår symptom, då det var smitteførande person til stades i lokalet. Det var godt smittevern i vaksinasjonslokalet, men ein bed likevel dei som var til stades om å teste seg om det oppstår symptom. Det same gjeld for dei som var på Coop Byglandsfjord, onsdag 15.12. på morgonen.

Oppdatering pr. 10.12 22

10.12.21 kl. 18:00

Vi har no fått melding om at den eine positive hurtigtesten viser positivt på PCR-testen.Vedkomande har vore i isolasjon sidan symptomstart, og alle nærkontaktar er kontakta.
Bygland kommune følgjer opp den smitta og nærkontaktene.

Vi minner om å ha låg terskel for å teste seg om du har symptom på Covid-19.

Vi viser elles til dei nasjonale retningslinene.

 

10.12.21 kl. 12.30
Vi har fått melding om to nye positive hurtigtestar. Det blir tatt PCR-testar som blir sendt til sjukehuset for analysering. Båe er isolerte og nærkontaktar er kontakta.

Oppdatering pr. 9.12.21

Vi har fått melding om ein innbyggjar med positiv sjølvtest. Vedkomande har vore på legekontoret for å få tatt ein PCR-test. Denne vil bli sendt til sjukehuset for analyse, og vi venter svar på denne tidlegast i morgon.

Vedkomande har isolert seg og nærkontaktar er kontakta.

Vi vil oppmode alle som var på Sølvgarden Hotell laurdag 4.12.21 om å ha ein låg terskel for å teste seg om det oppstår symptom.

Oppdatering pr. 8.12.21

Nærkontaktene er kontakta, og alle har tatt naudsynte sjølvtestar. Bygland kommune følgjer opp den smitta og nærkontaktane med råd og rettleiing.

Vi oppmoder sterkt innbyggjarane til å la seg vaksinere!

Elles minner vi om at det er viktig å halde seg heime om ein er sjuk, og teste seg ved symptom på covid-19.

Lenke til dei nasjonale retningslinene