Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, (ordførar) Åsulv Horverak (kommuneoverlege), Aasmund Lauvdal (rådmann), Kjersti Plathe (tenesteleiar Helse), Knut Olav Forgard (loggførar), Rune Larsson (beredskapsansvarleg) og Jorunn Sørlie Tveiten (informasjon). Sistnemnde deltok via Skype

  • Det er ikkje meldt om fleire smitta i Bygland kommune
  • Oppvekstsentra melder at ein har kontroll. Dei har god dialog med brukarane
  • Drift og forvaltning: Ekstra reinhald på legekontor, elles ingen endring
  • Pleie og omsorg/Plan og utvikling: Status lik gårsdagen
  • Personal og administrasjon: Arbeider for å sjå kven ein kan omdisponere og bruke der det er behov
  • Helse: Status som i går. Kommuneoverlegen har satt restriksjonar på Byglandsheimen sin tilsynslege. Dette for å avgrense moglegheiter for smitte

Informasjonsmøte for tilsette - er det behov for det? Det er tenesteleiar sitt ansvar å gje informasjonen vidare til sine tilsette. Ein oppmodar tilsette å følgje med på heimesida. Om det er noko dei ønskjer særleg informasjon om, må dei ta kontakt med tenesteleiar. Bygland kommune oppmodar tilsette å følge med på www.fhi.no, www.helsedirektoratet.no og www.regjeringen.no.

Kommuneoverlegen skal i Skype-møte med fylkeslegen i dag kl. 10:00.

Kriseleiinga har avgjort at det ikkje er høve til å bestille møterom på kommunehuset i tida framover.