Akvariet i Bergen har sendt oss ei oppdatering på korleis det går med Bleka etter den lange reisa til Bergen:

På måndag blei blekene sette over i utstillingsakvariet. Det ser ut til å gå bra - dei et krill og trivst. Utstillingsakvariet inneheld 20 000 liter vatn.

Akvariet har forsøkt å gjenskap ein av dei mange gyteplassane ved Vassenden som er restaurert ved tilførsel av gytegrus. Dei har lagt til grunn ei kornfordeling som dei har funne på bleka sin naturlege gyteplass i fjorden for å vere sikker på at den grusen dei har lagt ut skal tilfredstille hobleka sitt krav til gytegrus.

Det eine biletet under viser ein restaurert gyteplass ved Vassenden der dei har funne gyting av bleke i utlagt grus i ei årrekke, og på det andre biletet ser ein kopien dei har laga i Akvariet.

Det blir offisiell opning førstkomande måndag.

Vil du vite meir? Her er lenke til Akvariet i Bergen