Bygland Frivilligsentral i samarbeid med Bygland Kommune startar Seniorsenter kvar onsdag frå 10.januar 2017 kl.10.30-15.00 på Bygland Frivilligsentral.

Ein legg opp til eit sosialt lag med god røe og det vil vere moglegheit for å kjøpe seg kaffi, kaker ogeller varm lunsj til ein rimeleg penge. For dei som vil, kan ein få dataopplæring samtidig!

Har du behov for skyss kan det ordnes med å ringe Anne Fauske, tlf.94 51 07 70 dagen i forvegen.

Den offisielle opninga av Seniorsenteret er onsdag 6.desember kl.10.30.

Ordførar Leiv Rygg Langerak vil vere med under opninga.

Du er hjarteleg velkomen.