Vi er no inne i ein periode der samfunnet gradvis blir opna. Dette gjeld både barnehage og skole, og forbodet mot overnatting på fritidseigedom blir oppheva frå og med måndag 20. april. Det er likevel slik at det inntil vidare gjeld eit generelt råd om å unngå unødvendige fritidsreiser.

No og i månadane framover er det viktig at vi alle har fokus på å avgrense smittespreiing. Hygiene og hyppig handvask er veldig viktig for oss alle.

For dykk som driv campingverksemd vil vi be om at de er ekstra påpasselege framover, med tanke på at drifta skal foregå innan trygge rammer når det gjeld smittevern, og at de har tilsyn slik at dei nasjonale retningslinene blir haldne.

Det gjeld som eit generelt råd at det ikkje skal vere meir enn 5 personar samla, og at det bør vere ein avstand på minst to meter. Helsedirektoratet oppmodar og til ekstra reingjering på område med stor publikumstrafikk.

Ved venleg helsing

Åsulv Horverak
kommuneoverlege