Vi har tru på at alle vil sette pris på dette, og ber om forståing for at det kan oppstå litt problem i ein overgangsperiode.

Omlegginga inneber at ein del av våre tilsette har fått nye telefonnummer, og difor vil ikkje dei gamle direktenumra fungere.

Dersom ein opplever dette, ber vi om at ein ringer direkte til vårt sentralbord på telefon 37 93 47 00. Då vil ein bli satt over til den ein skal ha tak i.

Så snart omlegginga er ferdig, vil det bli lagt ut oppdaterte telefonlister på internett, og det vil bli trykt opp "telefonkatalog" på papir som blir distribuert til dei som treng det.