NB! Dei som har telefonabonnement som ikkje er knytt til di heimeadresse, må sjølv registrere seg som mottakar av slike relevante meldingar på www.varslemeg.no Systemet vil bli brukt i situasjonar i samband med vannstenging, vegstenging, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon.

Oppslag i 1881
Varslingssystemet er integrert med eit kartsystem som gjer at kommunen raskt kan varsle alle som bur i eit geografisk område. Systemet gjer oppslag i Nummeropplysningen 1881 og i tillegg i kommunen sitt eigedomsregister (Matrikkel).

Ved ei innbyggjarvarsling går det ut SMS til mobiltelefonar og talemelding til fasttelefonar. Om ei større hending skulle inntreffe, kan ein varsle alle innbyggjarane på denne måten.

Bruksområde
Kommunen brukar systemet for å varsle om t.d. vegstenging og brot på vassleidning, og det er og blitt brukt ved evakuering av innbyggjarane i eit geografisk definert område.

Viktig
For å kunne nå alle som bur fast eller midlertidig i Bygland kommune, oppmodar me alle til å gå inn på www.varslemeg.no:

  • Sjekk kva opplysningar som står på ditt nummer. Klikk på «Endre din oppføring hos 1881» under «Er jeg oppført?»
  • Du kan leggje inn fleire nummer på same person/adresse, og endre desse seinare
  • Er ikkje nummeret ditt oppført i 1881? Då kan du leggje det inn for å bli varsla: Bruk «Tilleggsoppføring» og vel «Legg til ditt telefonnummer»
  • Du kan og sjekke om du har blitt varsla under «Har jeg blitt varslet?»

__________________________________________________________________________________

Ofte stilte spørsmål:

Korleis fungerer varslinga?
Meldinga blir sendt som sms til mobiltelefonar og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemeldinga blir lest inn som «tekst til tale». Ved talemelding til fasttelefon får du beskjed om å taste 1 for å høyre meldinga som er lest inn. På slutten av meldinga blir du beden om å taste 1 for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, tast inn 0 om du ynskjer å høyre meldinga ei gong til. Om du ikkje tastar 1, vil systemet ringe deg opp på nytt (inntil 3 gonger).

Er mitt mobilnummer registrert?
Du kan kontrollere kva adresse telefonnummeret ditt er registrert på i varslemeg.no. Slik gjer du:

  • Under «Er jeg oppført?» klikkar du «Endre din oppføring hos 1881».
  • Vel «Privat» (evnt. «Bedrift»)
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk «Send»
  • Du mottek ein kode på sms som du brukar for å logge deg inn. Då kan du sjå kva adresse mobilnummeret ditt er registrert på
  • Om registrert adresse ikkje er bustadadressa di, men t.d. arbeidsadressa, må du sjølv endre adressa for å bli varsla med sms.

Er nummeret til min fasttelefon registrert?
Nummer til fasttelefon er registrert på den adressa telefonen tilhøyrer.

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?
Varsling24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ynskjer å få varsel frå kommunen, må du gjere ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for «Hemmelig nummer».

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?
Det kan vere fleire årsaker til at telefonnummeret ditt ikkje er oppført i Opplysningen 1881. Du kan sjølv registrere telefonnummeret slik:

  • Under «Tilleggsoppføring» klikkar du «Legg til ditt telefonnummer».
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk på «Send»
  • Du mottek ein kode på sms. Denne brukar du for å logge deg inn
  • Her kan du leggje til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Mitt mobilnummer er registrert på arbeidsgjevar:
Har eg lov til å endre adressa som er registrert på dette abonnementet?

Du kan trygt leggje inn bustadadressa di. Registreringa gjeld ikkje kven som er juridisk eigar av abonnementet eller fakturaadresse.

Eg har ikkje mobiltelefon – kan eg bli varsla?
Du kan bli varsla på fasttelefon. Varsel kjem som automatisert talemelding «Tekst til tale»

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?
Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla.

Korleis finn eg ut om mine foreldre si adresse er i ein kommune som brukar Varsling24?
Ta kontakt med den respektive kommunen for å høyre om dei brukar Varsling24.

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?
www.varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppførte på ditt mobilnummer. Slik gjer du:

  • Under «Tilleggsoppføring» klikkar du «Legg til ditt telefonnummer».
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og trykk «Send»
  • Du mottek ein kode på sms. Denne brukar du for å logge deg inn. Då ser du lista over adresser som er registrert på ditt mobilnummer
  • Her kan du og slette adresser eller leggje til fleire