Samarbeidet, som Evje og Hornnes er vertskommune for, skal romme heile legetenesta i dei to kommunane. Her vil vere pasientbehandling, legevakt, kommuneoverlege og tilsynsoppgåver.

Det nye legesenteret vil bestå av fastlegar, LiS1-lege (tidlegare kalla turnuslege), bioingeniør, sjukepleiarar, helsesekretærar og kommuneoverlege. Desse vil ha kontor i samme lokal på Evje og Bygland, som i dag.

-I små kommunar må ein samarbeide. Og med dagens utfordringar med å få tak i fastlegar i Noreg, er dette samarbeidet den aller beste måten å sikre eit godt tilbod til innbyggarane våre. Dette ser eg kun positivt på, seier kommuneoverlege i Evje og Hornnes og Bygland, Åsulv Horverak

Felles sentralbord

Det blir felles telefonnummer for å komme i kontakt med legesenteret. Dette blir det samme nummeret som Evje legesenter har hatt til no: 37 40 79 00.

Telefonen er open kl. 08.30 - 11.30 og 13.00 - 15.00 alle kvardagar, og blir svart av føste tilgjengelege hjelpepersonell, uavhengig av om dette er på Bygland eller Evje.

Ved bestilling av time får pasienten beskjed om tid og stad for oppmøte. Oppmøtestad kan variere ut i frå kvar din fastlege er på jobb ved ledig time.

Avdeling Evje

Avdelinga på Evje vil vere på samme stad som Evje legesenter, og er open alle kvardagar kl. 08.00 - 15.00

Avdeling Bygland

Avdelinga på Bygland vil vere i samme lokale som Bygland legekontor, og har ope måndagar, torsdagar og fredagar kl. 08.00 - 15.00.

Legekontoret på Byglandsfjord er planlagt stengt frå og med 1. juni, stadfester kommunedirektør i Bygland kommune, John Salve Sigridnes.

Bestille time/resept via helsenorge.no

Timebestilling og fornying av resept kan ein framleis gjere via helsenorge.no, som før. Dersom det for tida er inne ein vikar for din fastlege, kan ein derimot ikkje bruke denne elektroniske løysinga . Då må ein ringe til legesenteret for å bestille.

Betre rusta ved fråver

Tanken bak samarbeidet er at eit større fagmiljø og fleire tilsette, både legar og hjelpepersonell, skal styrke kommunane sine legetenester og gjere det mindre sårbart ved til dømes sjukdom og anna fråver blant dei tilsette.

-Frå statleg side er det og ønskjeleg å unngå små legekontor med kun 1-2 tilsette, fordi ein då kanskje ikkje får den faglege oppdateringa ein skulle ønskje, legg kommuneoverlegen til.

Ei prosjektgruppe med medlemmer frå båe kommunane, m.a. med leiarar, fagpersonell, verneombod og tillitsvalt, har over tid arbeidd med i finne ei god løysing på korleis vi kan få ei mest mogleg stabil teneste, i ei tid der heile landet slit med å få tak i fastlegar.

Einingsleiar helse i Ejve og Hornnes kommune, Sigmund Olav Syrtveit, seier at fastlegekrisa blir merka, og i våre kommunar. Ved å slå saman legetenestene, er målet at vi no blir betre rusta, at dei tilsette kan dele erfaringar og lære av kvarandre og at innbyggarane frå ei betre teneste. Det å ha større legesenter, kan og gjere det lettare å rekruttere yngre legar, avsluttar Syrtveit.

Det blei gjennomslag for løysinga i båe kommunane våren 2022.