Søknadsskjemaet blei tilgjengeleg 11. februar 2019.

Har du spørsmål om søknaden, ta kontakt med kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunen fastset frist for å levere søknad.

Søkjarane har tidlegare brukt papirsøknadar, men frå no kan søkjarane logge seg inn i Altinn, og sende søknaden her. Det nye systemet skal sørge for rask og sikker søknads- og sakshandsaming, til fordel for både søkjar og sakshandsamarar i kommunen.

Søkjaren kan hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom ein treng det. Når kommunen har handsama søknaden blir svaret og vedtaket sendt til føretaket sin innboks i Altinn - eller til Sikker Digital Post (evt. brev i posten om søkjar ikkje har digital postkasse) om du søkjer om tilskot til drenering som privatperson.

Slik gjer du:

  • Gå til sida http://www.altinn.no på internett
  • Logg deg inn med MinID, BankID eller liknande
  • Vel landbruksføretaket ditt som Aktør, eventuelt deg sjølv som privatperson dersom du søkjer om tilskot til drenering som privatperson
  • Søk opp og vel skjemaet Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) eller Tilskudd til drenering i jordbruket
  • Legg inn informasjon om tiltaket og last opp naudsynte vedlegg (t.d. er kart obligatorisk)
  • Søknaden blir sendt automatisk til kommunen der landbrukseigedomen for tiltaket ligg i

Du kan gje andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det blir og ordna inne på http://www.altinn.no. Tal med vedkomande først om dette er aktuelt.

Har du spørsmål?
Spørsmål om tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering av jordbruksjord skal du rette til kommunen.

Meir informasjon om ordningane, bestemmelsar om kven som kan få tilskot, til kva tiltak som har rett til tilskot, samt om kva vilkår som må vere oppfylte finn du på
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket/ og
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/om-tilskudd-til-drenering-av-jordbruksjord

Her finn du og nyttige tips til utfylling av søknadskjema for SMIL, om kva opplysningar og dokument det er bra og ha tilgjengeleg før du startar å fylle ut søknadskjemaet.

Rettleiingsvideo for søkjarar ligg på fagsidene hos Landbruksdirektoratet under panelet Hvordan søke?

Dersom det er tekniske problem med søknadskjemaet kan du melde dette til support@landbruksdirektoratet.no