Overordna retningsliner:

  • Kven kan besøke: Nær slektning eller god ven, avgrensa opp til 3 personar utan symptom og som ikkje har vore i kontakt med kjent smitte. Personane må ha oppheldt seg i Noreg dei siste 11 dagane.
  • Besøk må avtalas på førehand ved at ein ringer til avdelinga for å avtale tidspunkt:
    • Telefon Byglandsheimen: 94532942
  • Besøksdagar og -tid:
    • Måndag: kl. 16.30-18.30
    • Onsdag: kl. 16.30-18.30
    • Laurdag: kl. 16.00- 18.00
    • Omfanget av dette vil bli evaluert og tilpassa behovet.
  • Tidsramme for kvart besøk er inntil 30 minutt. 
  • Besøket gjennomføras på eigen besøksstad på sjukeheimen. For bebuarar i omsorgsbustader kan besøket skje i leilegheit. 
  • Det blir ført logg over besøkande av omsyn til framtidig smittesporing. Loggen vil bli handsama i tråd med gjeldande retningsliner for personvern (GDPR).

Under besøk:

  • Besøkande hentas av tilsette ved hovudinngang og følgas til besøksstaden.
  • Besøkande utfører god handhygiene før og etter besøk. Handdesinfeksjon er tilgjengeleg ved hovuddør, samt på besøksstaden.
  • Tilsette informerer besøkande korleis dei best kan beskytte seg sjølve og pasienten mot smitte ved å halde minst 1 meters avstand til andre, gå direkte til besøksstad og ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Om det ikkje er mogleg å halde minimumsavstand på 1 meter og fysisk kontakt må besøkande ha på seg munnbind, hanskar og smittefrakk under besøket.
  • Bebuarane kan få gåver, blomar o.l., men dette må leverast til tilsette når ein møter opp. Det vil då bli gjort ei smittevernvurdering i kvart enkelt tilfelle. Nokre gonger kan det vere at gåva/tilsv. må desinfiserast eller vere noko tid i karantene før bebuaren får gåva.
  • Om besøkjande har med mat må denne vere klar til servering. Alle som er til stades må utføre handhygiene før ein eter.
  • Ved besøkets slutt kontaktar besøkande tilsette ved å ringe tlf. nr. 94532942 eller ved å avtale ønskt tidsbruk. Besøkande følgjes ut av tilsette når besøket er slutt.

Etter besøk:

  • Felles berøringspunkt på besøksstad og ytterdør blir desinfisert av den tilsette som følgjer besøkande ut etter besøket.
  • Reinhaldspersonale gjer reint på besøksstaden før kvar besøksdag.
  • Besøkande gjeras kjent med at dei ved symptom på Covid-19, skal opplyse om at dei har vore på besøk i institusjon som del av smittesporinga.

Avsluttande merknadar:

Kommunen vil fortløpande vurdere situasjonen og justere desse retningslinene ut frå kva som er behovet. Om smittesituasjonen blir markant forverra, vil ein vurdere å innføre besøksforbod igjen.