I forkant av besøk og ved ankomst

  • Avtal besøk på førehand ved at du ringer avdelinga for å avtale tidspunkt. Tlf. 945 32 942
  • Den som tek imot besøket skal avklare aktuell smittestatus for besøkande ved å stille desse screeningspørsmåla:
    • Er du sjuk/symptom/forkjøla?
    • Har du endra smak- eller luktesans?
    • Er du i karantene?
    • Har du vore i utlandet siste 10 dagar?
    • Har du vore i kontakt med nokon med påvist covid-19?
  • Besøkande må informerast om gjeldande smittevernrutinar
  • Alle besøkande skal utføre handhygiene når dei kjem, óg når besøk gjennomførast utandørs
  • Besøkande skal gå direkte til pasienten sitt rom eller til felles besøkstad

Retningsliner for bruk av munnbind:

  • Besøkande som er fullvaksinert treng ikkje bruke munnbind når dei besøker fullvaksinerte pasientar, men brukar munnbind når dei besøker ikkje-vaksinerte pasientar (må vise til fullvaksinering)
  • Besøkande som ikkje er fullvaksinert får utdelt munnbind og må straks ta dette på. Ved besøk utandørs (og på felles besøksstad) der minst 1 meters avstand blir ivareteke, er ikkje munnbind naudsynt
  • Barn under 12 år treng ikkje bruke munnbind

Under besøket

Alle besøkande skal halde minst 1 meters avstand til tilsett og andre pasientar enn den dei besøker. Besøkande skal ikkje opphalde seg i fellesrom, og skal gå direkte til pasientens rom.
Det må ikkje vere fleire besøkande enn at minst 1 meters avstand kan ivaretas.
Tal på besøkande skal ikkje overstige nasjonale anbefalingar.

Retningsliner for avstand

  • Fullvaksinerte besøkande treng ikkje halde avstand til fullvaksinert pasient, nærkontakt er tillat. 
  • Fullvaksinerte besøkande skal halde minst 1-meters avstand til ikkje vaksinerte pasientar.
  • Ikkje-vaksinerte besøkande skal halde minst 1-meters avstand til pasientar (både vaksinerte og ikkje-vaksinerte). Unntak ved livets slutt

I etterkant av besøk

Besøkande gjev beskjed til avdelinga når dei går.
Alle berøringspunkter (dørhandtak, armlene osv) skal desinfiserast straks etter besøket.

Annan informasjon

Besøk skal loggførast i 10 dagar for smittesporingsformål, etter 10 dagar skal det makulerast/slettast (det er frivillig for den besøkande å gje frå seg slike opplysingar).
Besøkande som kjem frå eit område med høg lokal smitterisiko må vise til negativ covid-test, som ikkje er eldre enn 72 timar, eller ta ein hurtigtest. Dette gjelder både ved besøk i og utanfor institusjonen.

Lenke til meir informasjon finn du her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/besok-kommunale-helse-og-omsorgsinstitusjoner/