Omikron

Virusvarianten Omikron blei først påvist i Botswana den 11. november. Utbrotet er særleg sentrert i Guantengregionen i Sør-Afrika, der det nyleg har vore kraftig auke av smitte. Varianten er av ein type som ser ut til å raskt utkonkurrere deltavarianten.

Nye innreisetiltak er innført

Det er innført strengare innreisetiltak for innreisande frå Sør-Afrika, Mosambik, Namibia, Zimbabwe, Botswana, Lesotho, Eswatini og Malawi. Lista over aktuelle land blir vurdert fortløpande. Det er krav m innreisekarantene, karantenehotell og testing for alle innreisande frå desse områda.

Om du får påvist smitte med omikron, er det innført forsterka krav til isolasjon, og skjerpa krav til nærkontakter. Desse tiltaka gjeld uavhengig av om du er fullvaksinert eller har gjennomgått Covid-sjukdom).