Prosessen med å søke om byggeløyve er den same som før, ved at du framleis må sette deg inn i kva plan som gjeld for din eigedom, i Bygland er det mange områder som er regulert til LNF-område og tiltak i LNF-område krev i tillegg til byggesøknad også søknad om dispensasjon.  

Som søkjar må du framleis lage detaljerte og målsett situasjonskart og bygningsteikningar av det du planlegg å bygge, samt at du må sjekke tilhøvet til kulturminne, naturmangfaldet, byggegrense langs veg, område som kan vere utsett for naturfare (flaum, jordskred, snøskred og steinsprang) avstand til straum og telefonlinjer osv.   

For å sjekke dette kan du nytte kommunekart som er tilgjengelig på Bygland kommune si heimeside https://www.bygland.kommune.no/kommunekart.304312.nn.html

Lenke til nye søknadskjema finn ein på Direktoratet for byggkvalitet si heimeside:  

Dersom du treng hjelp kan du ta kontakt med Bygland kommune for å be om eit møte.