Det viktigaste!

  • Sei ja til vaksine
  • Hald deg heime og test deg når du er sjuk

Avstand og sosial kontakt

  • Alle bør halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • Tilrådinga om 1 meter avstand gjeld ikkje på fritida for barn i barnehage- og barneskolealder
  • Det er også unntak for vaksne som arbeider med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte bør skjerme seg (nytt)
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ei gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meter avstand mellom gjestene. Alle må tenke gjennom kor mange nærkontakter ein har samla sett
  • Barn i barnehagar og barneskolar kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling, sjølv om det overstig tilrådd tal på gjester
  • Reduser talet på nærkontakter, men ikkje isoler deg
  • Treff andre utandørs når det er mogleg

Organiserte fritidsaktivitetar

Barn og unge

  • Barn og unge i barnehage- eller grunnskolealder kan ha organiserte fritidsaktivietar, som til dømes fotballtrening eller korpsøvelse, men det blir tilrådd avgrensingar i kor mange som kan vere med. Om aktiviteten er innandørs bør det vere maks 20 stykke, med mindre alle deltakarane er frå samme kohort i skole eller barnehage (nytt)
  • Barn og unge i barnehage- eller grunnskolealder kan trene eller øve saman, men ein tilrår ikkje å ha cuper, kampar eller turneringar der barn frå ulike stader blir samla (nytt)

Vaksne

  • Ein tilrår å utsette eller avlyse gjennomføring av arrangement tilknytta organiserte idretts- og fritidsaktivitetar på tvers av ulike grupper, både ute og inne (nytt)
  • Vi tilrår å utsette eller avlyse organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne som føregår innandørs
  • Vaksne kan trene eller ha andre organiserte fritidsaktivitetar utandørs, men det er tilrådd å vere maks 20 personar og halde meteren

For alle

  • Ein oppmodar alle til å kome seg ut i frisk luft, men det er viktig å halde god avstand til kvarandre, også når ein er ute
  • Garderobar kan haldast opne dersom det er mogleg å organisere bruken slik at trengsel og tett kontakt mellom personar kan bli unngått. Om opne garderobar fører til trengsel, blir det tilrådd å halde garderobane stengt for ordinær bruk, men likevel slik at toalett og handvaskfasilitetar er tilgjengeleg dersom dette ikkje finns andre stader i lokala

Skolar, barnehagar og SFO

  • Det blir innført nasjonalt gult nivå i barnehagar og på barne- og ungdomsskolar. Lokale bestemmelsar om raudt tiltaksnivå går føre nasjonalt bestemt gult nivå (nytt)
  • Det blir innført nasjonalt raudt nivå på vidaregåande skolar og for vaksenopplæring (nytt)
  • Grunnskolar og barnehagar må sørge for å ha beredskap for rask overgang til raudt nivå (nytt)
  • Krav til universitet, høgskolar og fagskolar om å legge til rette for digital undervisning, ferdigheitstrening og eksamen så langt det er mogleg (nytt)
  • Det kan bli arrangert samankomster for barn i barnehage eller barneskole med heile klassar/avdelingar/grupper med naudsynt tal vaksne til stades

 

Arbeidsliv

  • Alle som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor (nytt)
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge
  • Tilråding om 1 meter avstand
  • Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar som bruk av skilleveggar eller liknande
  • Påbod om å bruke munnbing gjeld i enkelte publikumsretta delar av arbeidslivet (Sjå meir lenger nede)

Forskriftsfesta tiltak

Arrangement og samankomster

Det blir tilrådd å redusere talet på nærkontakter. Meir tid bør brukast heime. Det betyr at ein også må avgrense talet på besøk, sosiale samankomster og arrangement ein deltek på. (nytt)

Det blir tilrådd å unngå bruk av kollektivtrafikk for å komme deg til arrangement. (nytt)

For arrangement gjeld desse reglane:

  • Maksimalt 20 personar innendørs på privat samankomst på offentleg sted, i lånte eller leigde lokale.
  • Minnestundar etter gravferder og bisettelsar kan ha maksimalt 50 personar innandørs og utandørs. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement, sjå nedanfor.
  • Maksimalt 20 personar på offentlege innendørs arrangement utan faste tilviste sitteplassar og 50 personar ved bruk av slike sitteplassar. (nytt)
  • Arrangøren skal sørge for at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunne halde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i samme husstand eller er tilsvarande nære. Det blir gjort unntak for fleire grupper, m.a.. for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i samme kohort i barnehage eller barneskole
  • På innandørs arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på samme seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå samme husstand kan sette seg nærare kvarandre etter ankomst
  • På utandørs offentleg arrangement: Inntil 100 personar utan faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 med faste, tilviste plassar. (nytt)
  • Arrangørar skal sørge for ei oversikt over kvar det enkelte publikum eller gjest sit ved offentlege arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. (nytt)
  • Skjenkestopp på arrangement med skjenkeløyve, inne og ute. (nytt)
  • Munnbind blir påbode også innandørs på arrangement. (nytt)
  • Ved kyrkjevandring i kristne trussamfunn kan nye deltakarar blir slepte inn kontinuerleg når nokon går ut. Tilsvarande untak vil bli gitt for viktige høgtider for andre trussamfunn dersom smittesituasjonen gjer det naudsynt med fortsatt strenge tiltak. (nytt)

Serveringsstader

  • Påbod om at serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vere minst 1 meter avstand mellom sitteplassane når gjestene kjem, likevel slik at personar i samme husstand eller tilsvarende nære kan sette seg nærare kvarandre.
  • Skjenkestopp, inne og ute. (nytt)
  • Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestene enn 1 meter. Dette vil typisk vere dansing (nytt)
  • Serveringsstader med skjenkeløyve skal ha sitteplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden.
  • Serveringsstaden skal registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykker til det.
  • Serveringsstad skal ikkje ha servering for innandørs privat samankomst med fleire enn 20 personar inne og 50 ute. Reglane for private samankomster gjeld ikkje på serveringsstad. Serveringsstaden skal ivareta smittevernet (nytt)

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skolar og annan opplærings- og utdanningsverksemd
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spillehallar og liknande skal halde stengt. (nytt)
  • Svømmehallar, badeland, spaanlegg og hotellbasseng, og treningssenter kan kun halde oppe for: (nytt)
    • individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meter avstand.
    • skolesvømming, svømmekurs, svømmetrening og konkurransesvømming med arrangør.
    • rehabilitering og opptrening som blir tilbode individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    • annan individuell behandling som ein kan bestille time til og der bad er ein del av behandlinga.
  • Følgjande verksemder skal bli drivne smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, museer, bingohaller, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, midlertidige marknader og liknande.
  • Dette inneber krav om å sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i samme husstand eller tilsvarende nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Med unntak av bibliotek, museer, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.
  • Bransjerettleiarar bør blir innført att for bl.a. treningssenter og svømmehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld og for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar.
  • Munnbindpåbod gjeld også hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.
  • Munnbindpåbod gjeld og på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum. (nytt)
  • Munnbindpåbodet gjeld ikkje medan ein sit ved eit bord på serveringsstad (gjeldande) eller et mat eller drikk sittande. (nytt)
  • Det er allereie nasjonal tilråding om å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samstundes med mange andre eller på veg ut av ein fotballstadion.

Heimekontor

  • Påbod om at arbeidsgjevarar sørger for at tilsett arbeider heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg ikkje til hinder for viktig og naudsynt verksemd på arbeidsplassen, blant anna verksemd for å ivareta barn og sårbare grupper. (justert)

Karantene

  • Felles reglar for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant. Karanteneplikt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære med moglegheit for å teste seg ut etter 7 dager. Øvrige nærkontaktar kan teste seg ut etter 3 dagar, men framleis vere i fritidskarantene til negativ test etter 7 dager. (nytt).