Dei nye nasjonale tiltaka

  • Ein-meteren blir no til to-meteren. Hald 2 meter avstand til andre der det er mogleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1 - 2 faste kontaktar om du bur aleine. Dette vil ikkje gjelde for helsetenesta, barnehagar og skolar, eller andre tenester for sårbare grupper der det i praksis kan hindre normal drift av tenestene
  • Regjeringen tilrår maks to gjester på besøk
  • Om du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du ikkje reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur aleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener
  • Du bør avgrense sosiale kontakter mest mogleg
  • Regjeringen tilrår bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand
  • Dei tilrår folk å kun bruke kjøpesenter og varehus i heimkommunen
  • Dei tilrår at alle reiser som ikkje er naudsynte blir utsette med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand

Nye nasjonale forskriftsfesta reglar

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet
  • Det blir forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar
  • Treningssenter kan halde ope for dei som er busette i kommunen. Treningssenter kan og halde ope for dei som er busette i andre kommunar, dersom dei skal bruke følgjande tilbod:
    • rehabilitering og opptrening som blir tilbode individuelt eller i mindre grupper med arrangør
    • individuell trening og behandling som ein bestiller time til
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande skal haldast stengt, men kan halde følgjande tilbod opne:
    • skulesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år som symjing og for profesjonelle toppidrettsutøvarar
    • rehabilitering og opptrening som blir tilbode individuelt eller i mindre grupper med arrangør
    • annan individuell behandling som ein kan bestille time til og der bad er ein del av behandlinga
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod blir stengt
  • Arbeidsgjevar skal sørge for at tilsette jobbar heimefrå på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg
  • Personar som returnerer til Noreg etter unødvendige utanlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til måndag 29. mars
  • Dei tilrår at alle planlagde arrangement blir avlyst. Om arrangementet ikkje kan utsetjast, gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillatt med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar
    • Innandørs er det tillatt med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i samme kommune
    • Utendørs er det tillatt med 50 personar på arrangement
    • Det blir tillatt med 50 personar i gravferder og bisettelsar når ein har faste, tilviste plassar

Du kan følgje med på eventuelle endringar i dei nasjonale retningslinene HER