Er du nyetablert næringsdrivande eller tenker på å starte verksemd?

Då tilbyr Skatteetaten eit gratis innføringskurs på 3 - 4 timar. Kurset gjev informasjon om reknskapsplikt, skatt, meirverdiavgift og elektroniske løysingar, og er spesielt tilpassa nye næringsdrivande som ikkje har forkunnskap på området.

Du kan melde deg på den staden som passar deg best. I Skatt sør er det kurs både på dag- og kveldstid i byane Kristiansand, Skien, Tønsberg og Drammen.

Tilsvarande kurs blir og haldne i dei fire øvrige regionane i Skatteetaten.

Du finn meir informasjon HER