Kven er dette aktuelt for?
Norskkurs på høgare mellomnivå er for deg som allereie har basiskunnskapar i språket og vil bli meir sjølvstendig når du kommuniserer på norsk Norskkurs på mellomnivå B1 passer for deg som kan en del norsk frå før - og som ønskjer å lære meir om norsk språk og samfunn.

Førebuingskurset til Bergenstesten passer for deg som ønskjer å skaffe deg fullverdige språkkunnskapar for deltaking i norsk samfunnsliv og yrkeskarriere i Norge. Bergenstesten er godkjent inntaksgrunnlag for høgskular og universitetsstudiar i Norge. Det og relevant om du har universitets/ profesjonsutdanning frå utanlandske universitet og høgskular der det er profesjonskrav t.d. i helsesektor / undervisingsektor osb for å få fast tilsetting.

Norskkurs på høgare mellomnivå
Vi tilbyr norskkurs på høgare mellom-nivå (B2).

Kurset vil gå over 8 veker – fordelt på 16 samlingar over 3 timer. Kurslærar vil vere Torhild Austad. Alle som ønskjer å delta på dette må ha norskkunnskapar på B1-nivå.  Meir om kurset finn du på: https://www.folkeuniversitetet.no/Spraakkurs/Norskkurs-mellomnivaa/Norskkurs-hoeyere-mellomnivaa

Nivåtesten er gratis og den kan du ta sjølv ved å gå inn på www.folkeuniversitetet.no for å sjå om du er klar for å melde deg på kurs.  Ved fullført kurs – og minimum 75% oppmøte- får deltakar kursbevis.

Kursstart: 5.desember 2016 – avslutning 9. februar 2017.

Påmeldingsfrist: snarast og seinast fredag 25.november 2016

Førebuing til «Bergenstesten» - norskkunnskapar på høgare nivå 
På nyåret vil det vere kurs i førebuing til «Bergenstesten».  For å delta på dette må kursdeltakar ha norskkunnskap på høgare nivå (B2/C1) – Tilsvarande kan ein sjekke eige nivå – med gratis nivåtest på www.folkeuniversitetet.no før ein melder seg på dette. Dette kurset vil også gå over 8 veker – fordelt på 16 samlingar over 3 timer, og Torhild Austad vil vere kurslærar.