Nødplakaten er utskrift av ein "plakat" som alle kan lage på pc-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for.

Lag nødplakat
Nødplakaten til Kartverket er gratis, og alle kan lage sin eigen nødplakat på pc-en sin. Slik gjer du det:

  1. Klikk deg inn på Kartserket sitt noregskart (Lenger nede på sida)
  2. Zoom deg inn i kartet (eller bruk søkefeltet) og klikk på den eksakte staden du vil markere, til dømes hytta di
  3. Vel "Lag nødplakat" i menyen som dukkar opp og godta vilkåra
  4. Gi punktet ditt eit namn (til dømes "Hytta vår")og vel rett stadnamn
  5. Huk av at rett satdnamn er vald og klikk på "Last ned"
  6. Du får no ei pdf-fil som du kan ta utskrift av
  7. Heng utskrifta opp ein stad den er lett å finne

Logo norgeskart.png

Nødplakaten og nødetatane
Kartverket har utvikla nødplakaten i samarbeid med hovudredningssentralane og nødetatane.

Kartverket har ansvaret for datagrunnlaget, stadnamna, karta og teknologien bak.

I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram.

Nødplakat på hytta
Nødetatane opplever ofte at folk som kontaktar dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringer frå ei hytte.

Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du lett formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.

I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein ide å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.

Vegadresser
Det kan og vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova. Mange har framleis ikkje vegadresse heime, og fram til dette kjem på plass, er nødplakaten grei å ha.