Arbeidet med å lage ny rundkøyring på Rv 9 i krysset ved Bygland kyrkje og Shellstasjonen vil etter planen starte opp i veke 41. I same prosjektet vil berelagsmassar for riksvegen sørover bli skifta ut grunna sig i undergrunnen.

På grunn av dette har det oppstått eit behov for mellombels omkøyringsveg. Det er gjort avtale med Bygland kommune som grunneigar om at denne kan etablerast ved å leggje til rette gjennom areala på Prestneset. Sjå kart lenger nede på sida under "Vedlegg"

Omkøyringsbehovet vil vere ca 3 veker. Inngåtte avtale inneber at entreprenør (TT – anlegg) skal istandsetje dei aktuelle areala i minst like god forfatning som dei er i dag.

Kontaktpersonar i Bygland kommune er tenesteleiar drift og forvaltning Kjell Øyvind Berg  på tlf 918 63 403 eller driftsleiar Fredrik Langfeldt på tlf 945 32 945.